
Årsmøte for 2014 i Volda Småbåtlag
Volda Småbåtlag held årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på Volda turisthotell. Vanlege årsmøtesaker. Framlegg om vedtektendringar og nye reglar for bruk av hamneanlegga. Saksdokument er utlagt lenger nede på denne sida. Jfr. § 3 og 4 i vedtektene: «Saker som eit medlem ønskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende seinast 14 dagar på førehand». Matykt.
Innkalling til omframt årsmøte/medlemsmøte
Onsdag 16.okt kl 1900 på Volda Ungdomsskule.
Sak: Fornying av brygger på Rotsethamna.
Presentasjon av to tilbod for fornying av hamner i Rotsethamna.
Tidsplan og framgangsmåte.
Evnt. låneopptak
Vel møtt.
Omframt Årsmøte 12. august 2013 kl 1900 på Kårstadhuset
Styreleiar Kjartan Bjorøy skal flytte og vi treng ny leiar. Valnemnda har fått beskjed og vi vonar dei som vert spurt er villige til å stille.
I fortsetjinga av årsmøtet vil vi ta eit medlemsmøte der vi tek opp aktuelle saker. Vonar på fullt frammøte.
PS!! Innkalling kjem i Møre ca 14 dagar før møtet.
Innkalling til omframt årsmøte torsdag 14.03.13. kl 19 på Volda Turisthotell.
INNKALLING til
Omframt årsmøte mars 2013
På Volda Turisthotell torsdag 14.mars 2013 – kl 19.00
Då det ikkje lukkast årsmøtet 2013 å få valt nytt styre bestemte årsmøtet at det skulle haldast omframt årsmøte. Valkomiteen fekk i oppdrag å jobbe vidare med å skaffe medlemer til nytt styre.
Då vert saklista slik:
1. Opning, godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar og referent og to personar til å skrive under protokoll.
3. Gjere val av:
A - styreleiar etter §5
B - styremedlemer og varamedlemer etter §5
C - revisor
D - vedlikehaldsnemnd
E – valnemnd
4. Revisormelding frå revisor ang rekneskapen for 2012 ligg føre.
Vel møtt.
Innkalling til Årsmøtet for 2012
14.februar 2013 kl 1900 på Volda turisthotell (Porse)
14.februar 2013 kl 1900 på Volda turisthotell (Porse)
Sakliste til årsmøtet.
Årsmøtet 2012
Volda Turisthotell 14.februar 2013 - kl 19.00
1. Opning, godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar og referent. Val av to personar for underskriving av protokoll (referat frå årsmøtet).
3. Årsmelding for 2012 frå styret.
4. Rekneskap for 2012
5. Fastsetjing av hamneavgift, kontingent og breiddemeter for 2013
Framlegg for 2013
1) Hamneavgift/kontingent: For medlemar med fast plass kr. 1500,-
For medlemar utan fast plass kr. 700,-
2) Kjøp av båtplass: 1 breiddemeter……………………… kr. 17000,-
3) Utleige av eigen båtplass…………………… kr.25 pr breiddemeter
4) Likviditeten til Småbåtlaget må styrkast, vi har hatt ein del store kostnader i året som gjekk med bla Magerøyvorren og auke i forsikringspremie.
Fornying og reperasjon av blant anna straumsøyler jmf elkontroll frå Tussa.
Framlegg til å dekke disse kostnadane er å auke breddemeterprisen:
Breddemeterprisen regulerast frå kr.14.500,- til kr.17.000,- som igjen betyr at kvar medlem må betale inn kr.2000,- pr. breiddemeter båtplass ein har i dag.
Kvar medlem får dermed kr.500,- (17000,- - 14500,- - 2000,- = 500) som er 25% i umiddelbar avkastning på ”investert ny kapital” pr. breidemeter.
Sum for dette utgjer (ca) 466 breiddemeter (summert for begge hamnene) X kr.2000,- = (Ca)kr.932000,-
KAFFEPAUSE med kulturelt innslag.
6. Val
Valnemnda sitt framlegg til årsmøtet
A. Styreleiar
B. Styremedlemer
Varamedlemer
C. Revisor
D. Vedlikehaldsnemnd
E. Valnemnd
7. Innmelde saker
Ingen innmeldte saker til årsmøte.