logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2019
Inge Oddvar Innerdal
Tlf (+47) 908 58 885

voldasmabatlag@gmail.com 

  Volda Småbåtlag  

Hamnereglar

Reglar for bruk av hamneanlegga i Volda Småbåtlag


1. Vis omsyn. Alle pliktar å opptre slik at ein unngår skade på brygger, fortøying, nabobåtar ogpersonar – og slik at det blir triveleg for alle å opphalde seg i hamnene.

2. Fortøying. Båtar skal til kvar tid vere forsvarleg fortøyd med minimum to separate tau i kvar ende av båten. Båtar over 25 fot bør i tillegg fortøyast med spring. Taua skal vere stramme – båten skal ikkje ligge og jage i båsen – og taua skal vere dimmensjonerte for båten, vere friske, heile og ha rykkdemparar. Sjakkel o.l. av metall er ikkje tillate å feste i bryggene. Nødvendig fendring skal vere på plass. Baugspyd skal ikkje vere til hinder for ferdsel på flytebryggene og i hamnebassenget. Sjå rettleiande skisse oppslått i hamnene.

3. Rett storleik
. Ingen båt skal ligge i ein bås der ein eller begge utriggarane er kortare enn 75% av skroglengda. Båten skal også passe til breidda – fender skal ha plass til å henge fritt mellom skuteside og utriggar.

4. Vektavgrensing. For å unngå at bryggefortøying og brygger lid overlast i storm, er totalvekt på fortøyde båtar i 8m utriggarplass avgrensa til 10 tonn, i 10 m plass 14 tonn. Når plassen er tom/ved lengre fråvere, skal utriggarane bindast saman i front.

5. Godkjend landkabel. For å redusere fare for galvanisk tæring på nærliggande båtar, skal landstrømkabel mellom båt og strømsøyle på kai vere godkjend for slik bruk, ikkje ligge i sjøen, vere heil og utan skøytekontakt. Kontaktar skal vere av godkjend vasstett type i begge endar av landstrømkabel og passe direkte inn i strømsøyle utan overgang.

6. Oljesøl. Båteigar pliktar å sjå til at olje ikkje blir send på sjøen saman med lensevatn. Spillolje i samband med oljeskift (tungolje) er det spesielt viktig å unngå søl med. Uhell med oljesøl t.d. i samband med drivstoffylling bør reduserast med å spraye oppvaskmiddel
på oljen slik at den blir oppløyst og forsvinn frå overflata. Spillolje og brukte filter bør ein levere på bensinstasjon eller miljøstasjon.

7. Søppel. Det er viktig å unngå tilgrising av hamnene. Fugl samlar seg der det er mat og båtane blir lett utsett for fugleskit. Fiskeslo og anna søppel skal ikkje kastast/tømmast i hamnebassenga. Søppel tar ein med heim eller tømmer i eigna dunk på land. Fiskeslo kan tømmast på sjøen utanfor molo, men ikkje i innlaupet til hamna.

8. Tilsyn. Båteigar med båt på ei av hamnene pliktar å føre jamleg tilsyn med eigen båt og båtplassen han disponerer – sjekke fortøyingar og landstrømkabel – lense båten – moke snø på brygge, gangbar og båt – sjå til at vasskraner ikkje står opne unødvendig. Ser ein noko gale på nabobåtar/plassar, bør ein melde frå til eigar, vedlikehaldsnemnd eller styret.

9. Ryddige hamner. Brukarar av hamnene pliktar å halde det reint, ryddig og ordentleg til ei kvar tid. Det er ikkje tillate å lagre privat utstyr som joller, fiskevegn, tauverk, materialer o.l. på brygge, molo, gangveg, parkeringsplass eller i nokre av bygga som Volda småbåtlag eig.

10. Sakte fart. Ved inngang, utgang eller flytting av båt i hamnene skal ein bruke sakte fart og halde forsvarleg avstand til andre båtar.

CMS og Design: Osberget