logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2019
Inge Oddvar Innerdal
Tlf (+47) 908 58 885

voldasmabatlag@gmail.com 

  Volda Småbåtlag  

Volda småbåtlag er registrert i "Frivilligregistret" i Brønnøysund (Org nr. 997 893 999), det betyr at vi m.a. kan få grasrotandel frå tippinga.

Vedtekter 2019

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Justert av årsmøtet 25.februar 2004(§11), 1. mars 2006(§ 11) , 4.mars 2008(§10), 3.mars 2009 (§10), 3.mars 2010 (§12A), 23.februar 2011 (§11 4. avsnitt), 17.februar 2016 (§§ 4, 6, 9, 10, 12), 21.februar 2019 (§§ 1, 11)

§ 1 Formål
      Formålet til Volda Småbåtlag er å fremje interessene til fritidsbåteigarar individuelt og
gruppevis. Dette gjer ein på vegner av medlemene og publikum gjennom å
1) Arbeide for å etablere og stå føre drift av fritidsbåthamner slik at flest mogleg
av dei som ønskjer det, kan sikrast hamneplass
2) Arbeide for utbreiing av fritidsbåtlivet som rekreasjon og kystkultur
3) Arbeide for utbreiing av kunnskap om sjøvett, tryggleik, kystkultur og marint
miljøvern
4) Ivareta interessene og rettane til medlemmene og folk flest til bruk av
skjærgarden, sjøen og havet som rekreasjonsområde og annan fritidsbasert
utnytting
5) Samarbeide med andre private organisasjonar og med offentlege
styresmakter for å fremje interessene til båtlivet og båtfolket.
Formålet til laget er ikkje-økonomisk, og eventuelle overskot på økonomiske aktivitetar kan,
om det ikkje vert avsett til å oppfylle laget sine mål i framtida, berre disponerast utanfor laget til tilsvarande allmennyttige formål som er registrerte i Frivillighetsregisteret.

§ 2 Styrande organ
      Styrande organ i Volda Småbåtlag er årsmøtet og styret.

§ 3 Årsmøtet
      Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar månad og gjerast kjent for medlemane minst 14 dagar på førehand.
Saker som eit medlem ønskjer handsama på årsmøtet, må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet.
      Årsmøtet kan gjere vedtak om å ta opp lån i laget sitt namn for løysing av større prosjekt. Årsmøtet avgjer slike saker med vanleg fleirtal.

§ 4 Årsmøtet skal handsame følgjande saker:
1. Opning, godkjenning, val av møteleiar og referent.
2. Årsmelding frå styret.
3. Rekneskap framlagt av styret i revidert stand.
4. Budsjettforslag frå styret.
5. Fastsetjing av hamneavgift og pris på båtplass pr. breiddeeining hamneplass (ved
sal/tildeling og ved utleige).
6. Innkomne saker.
7. Gjere val av:
A - styreleiar etter §5
B - styremedlemar og varamedlemar etter §5
C - revisor
D - vedlikehaldsnemnd
E – valnemnd
      Årsmøtevedtak vert gjort med vanleg fleirtal.
Ved like stemmer vert møteleiaren si stemme avgjerande. For at vedtektsendring skal vere gyldig, må minst 15 medlemar vere tilstades. Årsmøtet kan vedta vedtektsendring med 2/3 fleirtal. Framlegg må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet. Det må framgå av innkallinga til årsmøtet at vedtektsendring vil verte foreslått.
      Årsmøtet kan vedta utfyllande forskrifter til kvart punkt i vedtektene.

§ 5 Samansetjing av styret
      I perioden mellom årsmøta vert Volda Småbåtlag leia av 1 styreleiar og 4 styremedlemar.
      Leiaren vert valt med funksjonstid 1 år. Resten av styret vert valt med funksjonstid på 2 år, men slik at 2 av styremedlemane står vekselvis på val anna kvart år. Medlemar frå både Volda Hamn og Rotsethamna skal vere representerte i styret. Styret har 2 varamedlemar – ein frå kvar hamn.

§ 6 Styret
      Det er styret som har bindande signatur for Volda Småbåtlag. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er tilstades, og skal ta seg av saker som har tilknyting til dagleg drift av småbåtlaget. Det skal førast møtebok frå kvart møte.         Styret konstituerer seg sjølv og vel kasserar og sekretær. Styret gjer framlegg for årsmøtet om pris pr. breiddeeining hamneplass og hamneavgift. Misnøye med eit styrevedtak kan ankast inn for årsmøtet.

§ 7 Nemnder
      Under styret sorterer ei Vedlikehaldsnemd med 2 medlemar, ein med båtplass i Volda Hamn, og ein med båtplass i Rotsethamna. Funksjonstida er 2 år.                     Vedlikehaldsnemnda fører tilsyn med hamnene og har ansvaret for at naudsynt vedlikehald vert utført. Nemnda må ha styret si godkjenning før større vedlikehaldsarbeid vert sett i verk. Valnemnda skal ha 3 medlemar og skal levere si innstilling til årsmøtet.

§ 8 Omframt årsmøte
      Det skal haldast omframt årsmøte med 8 dagars varsel når styret finn det naudsynt eller når minst 1/3 av medlemane set fram krav om slikt årsmøte. Kravet skal då vere skriftleg og rettast til styret. På omframt årsmøte kan det berre handsamast saker som er nemnt i innkallinga.

§ 9 Medlemskap
      Medlemer i Volda Småbåtlag er dei som har fått tildelt fast båtplass. Laget kan også ta opp som medlemer personar som ønskjer å stå på venteliste for tildeling av båtplass. Det gjeld pliktig medlemskap både for den som har båtplass og den som står på venteliste. Alle medlemene betaler medlemspengar. Medlemspengar (hamneavgifta) vert fastsett av årsmøtet og skal betalast innan 31.03. kvart år.
      Alle medlemer i Volda Småbåtlag har i utgangspunktet plikt til å møte når der er tillystdugnad. Kan ein ikkje møte, bør ein, om mogleg, sende nokon i staden. Passar ikkje tidspunktet, kan ein få tildelt ein oppgåve og ta ei ykt på eiga hand. Medlemar som ikkje har møtt på nokon dugnad eller stilla med vikar, kan, når året er omme, bli fakturert for eit passande dugnadsgebyr, vedtatt av styret. Medlemar som ikkje er arbeidsføre p.g.a. dårleg helse eller høg alder, slepp dugnadsgebyr.

§ 10 Tildeling av båtplass
      Det er styret i Volda Småbåtlag som tildeler båtplassar. Søknad om tildeling av båtplass/medlemsskap skal stilast styret. Ledig hamneplass skal gjerast kjend for medlemane med oppslag på oppslagstavlene i hamneområda. Medlemar utan båtplass som betalar medlemspengar, står på venteliste. Ledig båtplass vert tildelt medlem med lengst ansiennitet på venteliste. Medlemar som har båtplass, og som står på venteliste for å bytte til større/mindre plass, skal prioriterast fram for dei utan båtplass når noko vert ledig. Eit medlem kan ikkje tildelast meir enn ein -1- båtplass.
      Styret kan bestemme bytte av båtplass for einskildmedlemer når dette er nødvendig for å få kabalen med båtplassar til å gå opp. Aktuelle grunnar kan t.d. vere botntilhøve, utriggarlengde, manøvreringsvanskar. Omfordelinga skal gjerast så smidig som råd og om mogleg som frivillig ordning. Kan ein ikkje bli samde, skal styret gjere eit vedtak.

§ 11 Overdraging av båtplassar
       All overdraging av båtplassar skal skje gjennom Volda Småbåtlag. Båtplassar kan ikkje overdragast til andre enn Volda Småbåtlag. Båtplassen skal nyttast av det medlem som har fått tildelt plassen. Båtplassar det ikkje er søkjar til, kan styret leige ut til den til ei kvar tid gjeldande leigesats fastsett av årsmøtet.
Eit medlem har høve til å leige ut båtplassen sin berre til medlemer i Volda småbåtlag når dei sjølv ikkje nyttar den.                                                                  Utleigaren pliktar å sjå til at leigetakar er medlem i Volda småbåtlag. Dersom det er søkjar til båtplass på venteliste, skal utleige over lengre tid (2 månader eller meir) gjerast til interesserte på venteliste. Prisen for slik framleige skal vere den same som laget nyttar for utleige av ledige plassar. Skriftleg melding om leigetilhøvet skal sendast styret.                                                                               Utleigar pliktar å gjere leigetakar kjend med laget sine vedtekter. Styret har rett til, etter eiga avgjerd, å bestemme at all utleige skal gå gjennom styret eller den styret bestemmer.
      Vert ein båtplass sagt opp grunna varig sjukdom eller død hjå eit medlem, pliktar laget å overdra båtplassen innan 2 månader etter at laget har motteke skriftleg varsel om oppseiing av plassen.
      Medlem som vil seie opp sin båtplass gir skriftleg melding om dette til styret.
Dersom ingen står på venteliste for båtplass, og den som har sagt opp sin plass, kjenner til nytt interessert medlem, må styret ha tungtvegande grunnar til ikkje å godta denne.
      Overdraging av båtplass skjer ut frå regelverk fastsett av årsmøtet. Båtplass kan overførast ved arv til ektefelle, barn eller barnebarn. Styret skal ha skriftleg
melding om slikt skifte. Overføring ved arv til andre må godkjennast av styret.

§ 12 Diverse
A. Utstyr
Volda Småbåtlag eig og held ved like flytebrygger i hamnene, reiskapsbu og anna utstyr.
B. Utgifter til straum
Fast avgift (målarleige) vert betalt av Volda Småbåtlag. Prisen for brukte kilowattimar skal
kvar medlem betale sjølv etter krav frå Volda Småbåtlag med 1 mnd frist.
C. Tjuveri/skader
Småbåtlaget er ikkje ansvarleg for ting som vert stolne frå båtane eller anna skade som blir gjort på båtar i hamneområdet. Kvart medlem brukar si eiga forsikring ved herverk/tjuveri. Eigenandelen kan etter søknad refunderast av laget med inntil kr. 3.500,- pr. båt/medlem dersom det skjer herverk/tjuveri når båten ligg i Volda Hamn eller Rotset Hamn. Ein føresetnad er at hendinga er meldt til
politiet.

Etter pålegg frå Kystverket gjeld følgjande for Volda Hamn: Yrkesfiskarar skal ha fortrinnsrett til fast fortøyningsplass ved flytebryggene på same vilkår som andre medlemar i laget.

§ 13 Ekstraordinære tilhøve
      Dersom ekstraordinære tilhøve fører med seg at talet på hamneplassar Volda Småbåtlag disponerer blir redusert til mindre enn det tal hamneplassar som er tildelt medlemane, må laget v/styret straks sette i verk tiltak for å få balanse i tal hamneplassar.
      Skulle det i ei periode syne seg umogleg å gi plass til alle med hamneplass i Rotset Hamn eller Volda Hamn, må medlemane med kortast ansiennitet vike først. Skulle det syne seg at slike ekstraordinære tilhøve vil vare ved, blir laget forplikta til å ta over hamneplassane etter nærare reglar.
      Ansiennitet i Volda Småbåtlag blir i denne samanheng fastsett etter tildelingsdato for hamneplass. Dersom tvist skulle oppstå, gjeld samanhengande ansiennitet i Volda Småbåtlag etter 1979.

§ 14 Brot på laget sine vedtekter
Medlemene pliktar å rette seg etter vedtektene og regelverket som til ei kvar tid gjeld. Medlemer/leigetakarar som ikkje respekterer laget sine vedtekter, kan seiast opp. Eit medlem som blir sagt opp, mister retten til båtplass. Styret gjer vedtak i slike saker, men vedtaket kan ankast til Årsmøtet, som har endeleg avgjerd med vanleg fleirtal. Den som blir fråteken retten til båtplass i samsvar med dette punktet, skal administreres etter reglane som gjeld for overdraging av båtplass ved manglande bruk. Jamfør §11.

§ 15 Oppløysing av Volda Småbåtlag
      Oppløysing av Volda Småbåtlag kan berre skje ved vedtak på ordinært årsmøte etter at saka har vore send ut med innkallinga. Vedtaket om oppløysing må ha 2/3 fleirtal. Reversering av oppløysingsvedtak krev simpelt fleirtal.
      Ved oppløysing skal det, etter reglane i vedtektene om styre i § 5-6, veljast eit avviklingsstyre med ansvar for laget sine saker fram til endeleg avvikling finn stad, under dette for den praktiske likvidasjon av laget. Dei øvrige aktuelle reglane i vedtektene skal også takast i bruk under avviklinga. Laget sine eignelutar og rettar skal overførast til, eller fordelast mellom ein eller fleire lokale
foreiningar med same eller liknande allmennyttige formål, til bruk for å oppnå slike formål, etter nærare avgjerd i årsmøtet. Dersom laget vert oppløyst, skal dei resterande eignelutane, etter at eventuell gjeld er oppgjort, tilfalle eit allmennyttig formål etter nærare avgjerd i årsmøtet. Ingen av eignelutane eller rettane til Volda Småbåtlag kan under noko omstende tilfalle eller delast ut til medlemmene eller andre einskildpersonar.
********

CMS og Design: Osberget