logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2021
Frode Opsvik
Telefon: 450 65 503
Epost:
voldasmabatlag@gmail.com

  Volda Småbåtlag  

Tildeling og overdraging av båtplass

Sjå vedtektene §10 og §11 for reglane som styrer tildeling og overdraging av båtplassar.

Prosedyre 

  1. Når ein båtplass blir ledig får medlemmane som står på byteliste for ny båtplass tilbod om plassen. Dersom fleire av desse ønsker å overta plassen får den medlemmen med lengst ansiennitet på bytelista tilbodet først. Ved endra breidde er gjeldande pris kr 17000,- pr breiddemeter.

  2. Dersom ingen på bytelista ønsker å overta plassen går tilbodet vidare til medlemmane som står på venteliste for kjøp av båtplass. Dersom fleire av desse ønsker å kjøpe plassen får den medlemmen med lengst ansiennitet på ventelista tilbodet først. Gjeldande pris er kr 17000,- pr breiddemeter pluss eit transaksjongebyr på kr 3000,-.

  3. Dersom ingen på ventelista ønsker å kjøpe plassen kan Småbåtlaget leige ut plassen etter gjeldande satsar som er kr 25,- pr breiddemeter pr månad. Leigetakar må vere medlem av Volda Småbåtlag.

CMS og Design: Osberget