logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2019
Inge Oddvar Innerdal
Tlf (+47) 908 58 885

voldasmabatlag@gmail.com 

  Volda Småbåtlag  

Tildeling/
Overdraging
av båtplass

§ 10 Tildeling av båtplass
Det er styret i Volda Småbåtlag som tildeler båtplassar. Søknad om tildeling av
båtplass/medlemsskap skal stilast styret.
Ledig hamneplass skal gjerast kjend for medlemane med oppslag på oppslagstavlene i
hamneområda. Medlemar utan båtplass som betalar medlemspengar, står på venteliste.
Ledig båtplass vert tildelt medlem med lengst ansiennitet på venteliste.
Medlemar som har båtplass, og som står på venteliste for å bytte til større/mindre plass, skal
prioriterast fram for dei utan båtplass når noko vert ledig.
Eit medlem kan ikkje tildelast meir enn ein -1- båtplass.
Styret kan bestemme bytte av båtplass for einskildmedlemer når dette er nødvendig
for å få kabalen med båtplassar til å gå opp. Aktuelle grunnar kan t.d. vere
botntilhøve, utriggarlengde, manøvreringsvanskar. Omfordelinga skal gjerast så
smidig som råd og om mogleg som frivillig ordning. Kan ein ikkje bli samde, skal
styret gjere eit vedtak.
§ 11 Overdraging av båtplassar
All overdraging av båtplassar skal skje gjennom Volda Småbåtlag. Båtplassar kan ikkje
overdragast til andre enn Volda Småbåtlag.
Båtplassen skal nyttast av det medlem som har fått tildelt plassen.
Båtplassar det ikkje er søkjar til, kan styret leige ut til den til ei kvar tid gjeldande leigesats
fastsett av Årsmøtet.
Eit medlem har høve til å leige ut båtplassen sin berre til medlemer i Volda småbåtlag når dei
sjølv ikkje nyttar den. Utleigaren pliktar å sjå til at leigetakar er medlem i Volda småbåtlag.
Dersom det er søkjar til båtplass på venteliste, skal utleige over lengre tid (2 månader eller
meir) gjerast til interesserte på venteliste. Prisen for slik framleige skal vere den same som
laget nyttar for utleige av ledige plassar. Skriftleg melding om leigetilhøvet skal sendast
styret. Utleigar pliktar å gjere leigetakar kjend med laget sine vedtekter.
Styret har rett til, etter eiga avgjerd, å bestemme at all utleige skal gå gjennom styret eller
den styret bestemmer.
Vert ein båtplass sagt opp grunna varig sjukdom eller død hjå eit medlem, pliktar laget å
overdra båtplassen innan 2 månader etter at laget har motteke skriftleg varsel om oppseiing
av plassen.
Medlem som vil seie opp sin båtplass gir skriftleg melding om dette til styret.
Dersom ingen står på venteliste for båtplass, og den som har sagt opp sin plass, kjenner til
nytt interessert medlem, må styret ha tungtvegande grunnar til ikkje å godta denne.
Overdraging av båtplass skjer ut frå regelverk fastsett av årsmøtet.

CMS og Design: Osberget