Velkomen til Volda Småbåtlag
Volda Småbåtlag har som målsetting å fremje interessene til fritidsbåteigarar individuelt og gruppevis. Ein viktig del av dette er å skape tilgang til sjøen, og skaffe båtplassar til så mange som mogleg. Langs strendene i Voldsfjorden er dette relativt vanskeleg ettersom det er få naturlege grunne viker, det mest vanlege er bratte svaberg og brådjup fjord.
Volda Småbåtlag har hovudsakleg medlemmer frå Volda sentrum og laget disponerer to hamner. I Volda sentrum ligg Volda hamn (Sentrumshamna), og litt lengre inne i fjorden ligg Rotsethamna. Hamnene har til saman 140 båtplassar, og av desse er det fire gjesteplassar, sjå For båtgjestar i menyen til venstre.
Volda Småbåtlag har ca 155 medlemmar, og omlag 20 av desse står på venteliste for kjøp av båtplass.