For båtgjestar
I sentrumshamna i Volda har Volda Småbåtlag 4 gjesteplassar. Desse er merka og lokalisert på midtpiren (markert med grøne prikkar på bildet nedanfor). Utriggarane er 8 meter lange og dei to båsane er 3 meter breie.
Det er tilgang til vatn og straum. Prisen er kr 100,- pr. døgn inkl. straum.
Du kan betale for leige via Vipps til #565645 Volda Småbåtlag eller kontant hos Naustet Grill som ligg på landsida rett overfor innseglinga til hamna.
I tillegg har Volda kommune eiga gjestebrygge ved innseglinga til hamna. Prisen som kommuna tek er kr 150 pr. døgn.
I perioden 1. oktober til 1. april er det mogleg å leige ein av dei fire gjesteplassane til Småbåtlaget for ei lengre periode. Leigeprisen er då kr 1500,- pr. månad + straum. Ta kontakt med styret på e-post voldasmabatlag@gmail.com for avtale.
Webkamera med bilder frå Sentrumshamna.
For tips til kva du kan finne på i Volda, sjå www.turistivolda.no
Informasjon om sentrumsbutikkane finn du her: www.voldaforum.no
Og så kan du finne dette ved å google butikker i Volda.
