Hamnereglar

Hamnereglar

  1. Vis omsyn. Alle pliktar å opptre slik at ein unngår skade på brygger, fortøying, nabobåtar og personar - og slik at det blir triveleg for alle å opphalde seg i hamnene.
  2. Fortøying. Båtar skal til kvar tid vere forsvarleg fortøyd med minimum to separate tau i kvar ende av båten. Båtar over 25 fot bør i tillegg fortøyast med spring. Taua skal vere stramme - båten skal ikkje ligge og jage i båsen - og taua skal vere dimmensjonerte for båten, vere friske, heile og ha rykkdemparar. Sjakkel o.l. av metall er ikkje tillate å feste i bryggene. Nødvendig fendring skal vere på plass. Baugspyd skal ikkje vere til hinder for ferdsel på flytebryggene og i hamnebassenget. Sjå rettleiande skisse oppslått i hamnene.
  3. Rett storleik. Ingen båt skal ligge i ein bås der ein eller begge utriggarane er kortare enn 75% av skroglengda. Båten skal også passe til breidda - fender skal ha plass til å henge fritt mellom skuteside og utriggar.
  4. Vektavgrensing. For å unngå at bryggefortøying og brygger lid overlast i storm, er totalvekt på fortøyde båtar i 8m utriggarplass avgrensa til 10 tonn, i 10 m plass 14 tonn. Når plassen er tom/ved lengre fråvere, skal utriggarane bindast saman i front.
  5. Godkjend landkabel. For å redusere fare for galvanisk tæring på nærliggande båtar, skal landstrømkabel mellom båt og strømsøyle på kai vere godkjend for slik bruk, ikkje ligge i sjøen, vere heil og utan skøytekontakt. Kontaktar skal vere av godkjend vasstett type i begge endar av landstrømkabel og passe direkte inn i strømsøyle utan overgang.
  6. Oljesøl. Båteigar pliktar å sjå til at olje ikkje blir send på sjøen saman med lensevatn. Spillolje i samband med oljeskift (tungolje) er det spesielt viktig å unngå søl med. Uhell med oljesøl t.d. i samband med drivstoffylling bør reduserast med å spraye oppvaskmiddel på oljen slik at den blir oppløyst og forsvinn frå overflata. Spillolje og brukte filter bør ein levere på bensinstasjon eller miljøstasjon.
  7. Søppel. Det er viktig å unngå tilgrising av hamnene. Fugl samlar seg der det er mat og båtane blir lett utsett for fugleskit. Fiskeslo og anna søppel skal ikkje kastast/tømmast i hamnebassenga. Søppel tar ein med heim eller tømmer i eigna dunk på land. Fiskeslo kan tømmast på sjøen utanfor molo, men ikkje i innlaupet til hamna.
  8. Tilsyn. Båteigar med båt på ei av hamnene pliktar å føre jamleg tilsyn med eigen båt og båtplassen han disponerer - sjekke fortøyingar og landstrømkabel - lense båten - moke snø på brygge, gangbar og båt - sjå til at vasskraner ikkje står opne unødvendig. Ser ein noko gale på nabobåtar/plassar, bør ein melde frå til eigar, vedlikehaldsnemnd eller styret.
  9. Ryddige hamner. Brukarar av hamnene pliktar å halde det reint, ryddig og ordentleg til ei kvar tid. Det er ikkje tillate å lagre privat utstyr som joller, fiskevegn, tauverk, materialer o.l. på brygge, molo, gangveg, parkeringsplass eller i nokre av bygga som Volda småbåtlag eig.
  10. Sakte fart. Ved inngang, utgang eller flytting av båt i hamnene skal ein bruke sakte fart og halde forsvarleg avstand til andre båtar.

Nærare rettleiing om tilkopling av landstraum frå brygger til fritidsbåt

  1. Det skal brukast godkjent gummikabel av type H07RN-F, tverrsnitt minimum 3x1,5mm2 eller tilsvarande type som er godkjent for utandørs bruk. Bevegeleg plastkabel/skøyteledning skal ikkje nyttast.
  2. Støpsel og stikkontakt skal ha kapslingsgrad minst IP44 og vere av typen industristøpsel/kontakt type blå/rund.
  3. Lengde på kabel frå straumuttak til fortøyningsplass skal ikkje vere lenger enn max 10 meter.
  4. Forgreiningar frå eitt straumuttak til fleire båtar er ikkje tillatt. Det skal ikkje benyttast fleire skøytekablar og «mellomkopling».
  5. Ved eventuell bruk av overgang så skal denne ha same kvalitet og dimensjon som hovedkabel, støpsel/kontakt og vere av godkjent type tiltenkt formålet.
  6. Forleggning av hovedkabel mellom straumuttak og fortøyningsplass skal vere slik at den ikkje hindrar normal ferdsel på bryggene.
  7. Når straumkabel ikkje er tilkopla båten skal kabelen fråkoplast straumuttaket, kveilast saman og oppbevarast i båten eller anna eigna stad. Tilkoplingskabel skal ikkje ligge igjen/oppbevarast på bryggene.
  8. Båteigar er til ei kvar tid ansvarlig for å kontrollere og halde straumopplegget sitt i forskriftsmessig stand. Dette gjeld også alt elanlegg ombord i båten.
    Før tilkopling, sjekk kabel og støpsel/stikkontakt for eventuelle skader.
  9. Eige «privat fastmontert straumopplegg» på brygge, samt fastmontert straumuttak ved fortøyningsplass, er ikkje tillatt. Dersom skadar på andre båtar eller brygge kan sporast tilbake til deg, vil du kunne bli stilt ansvarleg.
  10. Dersom straumtilkopling mellom brygge og båt avvik frå denne instruksen, vil båten kunne bli fråkopla straumuttak på brygge utan nærare varsel. Straumkabelen vil bli kveila opp og lagt om bord i båten med forklaring om kvifor.

Styret i Volda Småbåtlag